Idol og heltar: Vi vel alle våre idol og heltar. Eg skal ikkje fortelja Søviknes kven han kan henga bilete av på veggen og ikkje.

Vi må dela når vi har skapt, Søviknes

Folk flest bekymrar seg meir for andre ting enn at dei største formuane kunne ha vakse litt fortare om dei rikaste berre fekk betala litt mindre i skatt.

I eit debattinnlegg i Os & Fusaposten ilar Terje Søviknes til eit iherdig forsvar for Kjell Inge Røkke, ein av landets aller rikaste menn. Eller ein middels rik sveitsar, alt etter korleis ein ser ting.

Les også
Kven rana eigentleg kysten?

I iveren omtalar han Røkke som ein helt, og latar som om SV-leiar Kirsti Bergstø sa at alle rikingar kunne «ryk og reis». Det var berre Kjell Inge Røkke ho sa det til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontekst

Kontekst er viktig om dette skal gje meining.

Røkke kjøpte sterkt rabatterte torskekvotar mot eit løfte om å bruka fiskerifabrikkar i Nord-Noreg. Lokal foredling av råvarene skulle sikra arbeidsplassar og levedyktige lokalsamfunn i nord.

Men turbokapitalisten var ikkje nøgd med avkastninga han fekk på den måten. Han juksa og leverte heller fisken til Kina for å spara pengar. Ved å foredla fisken billegare på andre sida av kloden, raserte han samstundes arbeidsplassar og livsgrunnlaget i kystsamfunn i nord.

Røkke innkasserte 1,6 milliardar kroner i gevinst på dette krumspringet. Hundrevis av millionar av dette stammar direkte frå kjøpsrabatten storsamfunnet gav han mot eit løfte om å ivareta leveringsplikta. Desse pengane er no i Sveits, for då slepp han å skatta så mykje på dei.

Vi vel alle våre idol og heltar. Eg skal ikkje fortelja Søviknes kven han kan henga bilete av på veggen og ikkje. Men eg skal ærleg innrømma at det overraskar litt at det er akkurat denne karen, i denne konteksten, ein skal bli så krenka på vegner av. Er det dette Søviknes ønskjer for kystsamfunn på Vestlandet?

Feilplassert engasjement

Eg trur jo eigentleg ikkje det. Bergstø sitt ordval var nok heller ein lissepasning han kunne bruka til å snakka om glansnummeret sitt frå dagane som lakselobbyist. Innlegget hans handlar eigentleg om at dei som har veldig mykje pengar og superprofitt i selskapa sine, må få behalda meir av det sjølve.

Det hadde vore fint om Søviknes viste det same brennande engasjementet for det mange meiner er dei største utfordringane Noreg no står i: Offentleg velferd er underfinansiert og vi har fått store, nye grupper med fattige dei siste åra. Dei økonomiske skilnadene mellom oss veks styggfort.

Matkøane veks òg. Fleire og fleire treng gratisposar med mat frå Frelsesarmeen om ikkje dei og familien deira skal legga seg svoltne. I vinter frykta vi at eldre ville døy av kulde medan dei sparte på straum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi veit at vi må bruka langt meir pengar på eldreomsorg om dagens generasjonar skal kunna forventa same nivå som dei før oss. Og vi har alle sett denne vinteren kva nivå det er snakk om då. Brennpunkt: Omsorg bak lukkede dører viste oss kor ille det går når vi set av for lite pengar og ressursar til å ta vare på våre sårbare og svake.

Historisk høg vekst i formuar

SV ønskjer ein sterk offentleg sektor som tek godt vare på oss alle gjennom livet. Den er det ikkje mogleg å finansiera utan den livsviktige verdiskapinga som skjer kvar dag i det private. Vi må skapa før vi kan dela. Det seier seg sjølv, og det er vi alle einige i. Men når ein så har skapt, er det ikkje alle som er så glade for å dela likevel, viser det seg.

Næringslivet går i all hovudsak bra. Det har gått veldig bra i mange år, faktisk. Mange har teke risiko og satsa eigne midlar. Dei som har lykkast har skapt arbeidsplassar og aktivitet i bygder og lokalsamfunn over heile landet. I prosessen har dei hatt god avkastning på pengane sine og.

Dei aller rikaste i landet har hatt ei historisk høg vekst i formuane under pandemien. Det er lov. Men då er ein og i posisjon til å bidra meir til barnehagar, skule, helse, eldreomsorg og infrastruktur.

Fleire av desse flyttar no ut for å behalda meir sjølv i staden for å dela. Nettopp delinga er, og har alltid vore, ein viktig del av den store samfunnskontrakten som gjer Noreg til eit av verdas beste land å bu i.

Treng vi SV, undrar Søviknes? I aller høgste grad. Ikkje minst her i Bjørnafjorden, ein fattig kommune som skal bruka mindre på kommunale tenester per innbyggar enn dei fleste andre kommunar i landet. Kven trur du det går verst ut over?

Eg kan røpa at det i alle fall ikkje er styrtrike investorar som Kjell Inge Røkke. Dei kan kjøpa seg nett det tenestetilbodet dei vil. Dei kan flytta til Sveits på dagen.

Vi andre som er igjen her må finansiera gode rammar og verdige liv saman. Det klarar vi berre når dei med mykje bidreg meir enn dei med lite.