Verdsbiletet endra seg: 24. februar 2022 endra verdsbiletet seg. Europa var i krig.

Vi må stimulera unge menneske til å gå inn i verdas viktigaste jobb

Valet er ditt og mitt.

Mat er dyrt i Noreg. Til det er det vel å seia at å produsera i Norge er dyrt.

Kor mange går i klede produsert i Norge? Kor mange bruker papir produsert i Norge? Kor stor del av maten me kjøper på butikken er produsert i Norge? osv., osv.

Artikkelen held fram under annonsen.

24. februar 2022 endra verdsbiletet seg. Europa var i krig. Verdas kornkammer fekk ikkje lenger levera produkta sine til verdsmarknaden. Eg trur det var mange som stilte seg spørsmåla:

– Kva om Norge ikkje får tak i det kornet me ikkje produserer sjølv?

– Om me får tak i korn, kva med prisen?

Fasiten så langt er: Ja, prisen har gått opp. Det går først og fremst utover dei av oss som har minst. For lite korn på verdsmarknaden har først og fremst gått utover verdas fattige.

Som eitt av verdas rikaste land bør me stilla oss spørsmålet: Kva gjer me i Norge med dette?

Eg ser følgjande alternativ:

1. Me kjøper all maten me treng hjå andre land. Fjernar toll og andre handelshindringar. Konsekvens: Kanskje litt billegare mat. Heilt avhengig av at det er noko å få kjøpt ute i verda. Heilt avhengig av prisane på verdsmarknaden. Heilt avhengig av at Norge ikkje vert utsett for krig/blokade.

2. Som i dag, me kjøper meir og meir hjå andre land. Konsekvens: Prisar minst som i dag. Andre konsekvensar som under alternativ 1. I tillegg avhengig av å få kjøpt innsatsfaktorar som til dømes gjødsel i andre land. Også avhengig av prisen på desse varene.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Norge legg om landbrukspolitikken slik at det vert lønsamt å produsera mest mogleg av maten vår her i landet, på norske ressursar. Konsekvens: Sjølvbergingsgraden vår vil auka. Norge vil ikkje vera så utsett for svingingar på verdsmarknaden når det gjeld pris og tilgang på varer.

For meg er alternativ 3 eit sjølvsagt val. Kvifor? Fordi: Tilgang på god, næringsrik mat er noko me alle, fattig som rik, er heilt avhengige av kvar einaste dag. Når eitt av verdas rikaste land produserer mest mogleg eigen mat, vil det på verdsmarknaden vera meir igjen til verdas fattige.

Korleis skal me få dette til? Det må bli lønnsamt å dyrka ny jord og å ta i bruk jord som i dag ligg brakk/er grodd til.

I tillegg må me stansa omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord til andre føremål, sikra at bonden får ei inntekt på linje med andre grupper og stimulera unge menneske til å gå inn i verdas viktigaste jobb – bonde.

Valet er ditt og mitt: Ønskjer me norsk matproduksjon til ein pris som gjer at alle, fattig som rik, kvar dag kan få glede av å eta god og næringsrik mat frå den norske bonden? Ønskjer me heller å bruka rikdommen vår på å kjøpa all maten hjå land på andre sida av kloden? Då vil me vera prisgitt internasjonale marknadskrefter som styrer både kva me skal eta og ikkje minst til kva pris.

Magne Djuvik

Kommunestyremedlem

Bjørnafjorden kommune