Vi ønskjer ikkje ein drabantby på eit av dei finaste områda i heile Os

Kritiske spørsmål?: Vi stiller oss også svært kritisk til at kommunepolitikarane tilsynelatande ikkje stiller nokon kritiske spørsmål til foreslått prosjekt.

Vi protesterer på at ein pengesterk utbyggjar frå Bergen skal få anleggje drabantby i vårt vakre nabolag på Hauge.

Vi ønskjer ikkje ei fortetting av bustader a la «drabantby» etablert på eit av dei finaste områda i heile Os, på Hauge. Framleis LNF-område, og godt utanfor sentrumsområdet i gjeldande planverk.

Vi er ikkje imot fortetting eller utbygging i dette området, men vi protesterer på det omfanget som no er under planleggjing, og korleis grøntareal skal takast av naboeigedommane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Slik kan hotelltomta på Hauge verta transformert: – Prosjektet skårar ti av ti på statsforvaltaren sine føringar

Bjørnafjorden hotell skal rivast og erstattast med ca. 80 bueiningar, med blokker/ leilegheiter. Det blir tett med blokker i heile hagen. Ein slik omfattande utbygging vil rett og slett rasere og øydeleggje dette flotte og naturskjønne området på Hauge som er gradert til stor verdi i tidlegare Os kommunen sin rapport for landskapsanalyse (2019). Det vil få konsekvensar for heile området rundt, Hauge, Haugsbrotet, Lyssand, Midtbøvegen osv.

Ekstern utbyggjar, ByBo, kjøpte eigedomen på Hauge, Bjørnafjorden Hotel/gjestetun, og vi stiller spørsmål ved prosessen og framgangsmåten med områdeplanen. Slik det no ser ut, er det ByBo som styrer denne prosessen. Det har ikkje vore, og er framleis ingen openheit og ingen dialog med tilgrensande naboar. Dette stiller vi oss svært undrande til. Dette er trass alt eit LNF-område, kor den same oppkjøparen betaler rekninga for den offentlege områdeplanen som no er under utarbeiding.

Vi som bur i dette området, opplever det som eit overtramp at ein pengesterk utbyggjar frå Bergen fremjar forslag om ei slik fortetting. Vi håpar kommunen gjer sitt beste for å visa at det ikkje er utbygginga av denne eigedomen som er motivasjon for utarbeiding av Hauge-planen.

Les også
Bjørnafjorden hotell konkurs: - Drifta er sikra gjennom nytt selskap

Det er svært merkeleg at den «nye sentrumsgrensa» vert foreslått å gå akkurat til og med denne eigedomen, og at slik tett busetnad vert foreslått heilt i yttergrensa av sona, lengst vekk frå Os sentrum.

Vi stiller oss også svært kritisk til at kommunepolitikarane tilsynelatande ikkje stiller nokon kritiske spørsmål til foreslått prosjekt.

At utbyggjar fremjar miljøvenlege løysingar, skal vere sjølvsagt i all planlegging i dag, og ikkje eit argument i seg sjølv for å akseptere høg utnytting utan å ta omsyn til landskap, kulturminne og stadtilpassing.

Les også
Bustader på Hauge: Har underteikna forpliktande samarbeidsavtale. Men - fleirtalet i PBU er imot
Les også
Urbaniseringsplan for Hauge sendt i retur

Er det ingen av politikarane som i det heile tatt har nokon kritiske tankar eller nokon innvending til framgangsmåtar og omfang? Det håpar vi verkeleg, og vi ber dykk koma på banen no.

Utbyggjar har heller inga tilknyting til Os, og sannsynlegvis heller ingen interesse for bustadstrukturen i kommunen, men dei har kapital som kan brukast til å påverke beslutningstakarane i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi stiller også spørsmål om korleis prosjektgruppa for områdeplanen Hauge, som omfattar Bjørnafjorden kommune, politikarar og utbyggjar har vurdert kravet om grøntområde og infrastruktur. Om det er slik vi høyrer, at det skal etablerast 80 bueiningar, minst, så blir det ikkje mykje grønt til overs. Det seier seg sjølv. Det er krav til dette, så vi undrar oss difor på korleis utbyggjar planlegg at det kan verte oppnådd. Ved å bruke nærliggjande private eigedomar til stiar, grøntområde og leikeplassar? På den måten får jo utbyggjar fleire bustader på eigen eigedom.

Les også
– Ein kan ikkje forventa å få byggja Manhattan på landsbygda
Les også
Frp-ar sa motvillig ja til bustader på gjestetunet: - Partipisk vil nokon kanskje kalla det

Vi håpar og ber politikarane i kommunen om å ta sitt samfunnsansvar no, og ikkje berre la seg fenge av gode ord frå ein utbyggjar som betalar rekninga for den nye offentlege Hauge-planen. Vi vil også minne om at eit av hovudmåla som er skriftleg nedfelt i gjeldande kommuneplan seier: «Det er viktig å finne ein fortettingsbalanse som ikkje øydelegg staden sitt særpreg. Ein skal byggje vidare på historisk identitet og særpreg». Dersom det vert tillate ei utbygging i det omfanget som no vert planlagt på Hauge, så kan nemnde punkt berre skrotast.

Naboar på Hauge, Haugsbrotet, Lyssand og Midtbøvegen