Vil du bli med på vinnarlaget?
Eg skal innrømma at eg var grusomt redd for å ha vald feil parti, men sidan den gongen, har eg aldri sett meg tilbake.
I februar 2024 stifta Unge Høgre lokalforeininga Bjørnafjorden Unge Høgre. Me ynskjer å få med fleire ungdomar som brenn for noko, og ynskjer å ta del i samfunnsdebatten.
Eg heiter Mathilde Nonås, og eg er nestleiar i lokalforeininga Unge Høgre. Sidan eg var lita har eg hatt ei meining om det aller meste. Då eg var 12 år, skreiv eg mitt aller fyrste lesarbrev til Os & Fusaposten - ein 17. mai-tale under covid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sidan den gongen har det berre balla på seg med både 17. mai-talar og lesarbrev.
Etter 2,5 halvt år som ikkje-partipolitisk samfunnsdebattant stod både meg og folk rundt meg å lurte på kva for eit parti eg skulle bli ein del av.
Eg undersøkte dei forskjellige ungdomspartia, og i fjor haust tok eg valet om å melda meg inn i Unge Høgre. Sjølv er eg vaksen opp i ein politisk raud familie. Unge Høgre var ikkje kjempepopulært for å seia det sånn!
Eg skal innrømma at eg var grusomt redd for å ha vald feil parti, men sidan den gongen, har eg aldri sett meg tilbake.
Det me i Unge Høgre er mest opptatt av, er at vi som enkeltmenneske har ein ukrenkelig fridom. Me vil ha eit samfunn med moglegheiter for alle, og som gir rom for at me er forskjellige. Alle treng ikkje vera like, men alle skal ha like moglegheiter for å lukkast!
Unge Høgre vil at du skal behalda meir av eiga inntekt og at du sjølv skal bestemma kor du vil ha behandling når du blir sjuk.
Unge Høgre er det ungdomspartiet som er best på å utvikla medlemene sine politisk. Kvar veke kan ein delta på skuleringer om forskjellige tema som skule, økonomi, EU, og helse.
Foreininga arrangerer også workshops og talentprogram der me lærer å skrive bl.a debattinnlegg, lesarinnlegg og pressenotat. Me ynskjer at kvart medlem skal bli sterke og sjølvstendige samfunnsdebattantar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det finaste med å melda seg inn i eit ungdomsparti, er at ein har heilt lov å vera ueinige. Du har fridom til å meina akkurat det du vil, men å lesa seg litt opp på ungdomspartiet før du melder deg inn, er eit godt utgangspunkt.
Dersom du brenn for fridom, mangfald og toleranse, og ynskjer å vera ein del av samfunnsdebatten, anbefalar eg på det sterkaste at du melder deg inn i Unge Høgre. Eg lovar at du aldri kjem til å angra!
Mathilde Nonås
Bjørnafjorden Unge Høgre