Meir enn parkering: I ei langtidplanlegging som skal skapa liv på Øyro, må det inngå meir enn berre å sikra parkeringsplassar og byggja dyre husvære i fire etasjar for velståande pensjonistar.

Visjonar for Os: Frå strandstad til fjordby

Den som lyttar litt til folk, vil registrera at det er ein massiv opinion for at kafébygget på Øyro må flyttast – god mat og ein grei møtestad, men heilt malplassert.

Det er mange som er glade for dei gode grepa i programmet for «Liv på Øyro». Den sterke auken i bustader og bilar det siste tiåret har i stigande grad omskapt den gamle strandstaden til ein parkeringsplass som det no er i ferd med å koma gode løysingar for, etter at forslaget om eit ruvande parkeringsbygg på seks etasjar vart lagt vekk.

Det minst vellukka så langt, etter manges meining, er kafébygget som legg beslag på nærare ein fjerdedel av arealet på den gamle allmenningen, og med ei bakside med dør inn til vaskebøtter og skureklutar ut mot det offentlege rommet – og utan å ha funne rom for eit offentleg toalett. Dette er eit klassisk eksempel på dårleg byplanlegging. Og for første gong, etter hundre år, er Osøyro utan bokhandel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den som lyttar litt til folk, vil registrera at det er ein massiv opinion for at kafébygget på Øyro må flyttast – god mat og ein grei møtestad, men heilt malplassert.

Grønt framfor rådhuset

På sjølve Øyro må det framleis vera rom for handel og nyttetrafikk i moderat omfang, men framfor rådhuset må det verta heilt bilfritt; eit vakkert grønt område berre kryssa av riksveg og overgangar, slik at området fram mot fjorden blir ei fin sosial sone, ein park med rom for gode kafear, eit godt bakeri med duft av nysteikte bollar, og små butikkar som ein skjerm mot riksvegen, med innhaldsrike leikeplassar og uteplassar ved fjorden – ein allmenning i ordets mest bokstavelege tyding, «for alle», store og små.

Eit avgjerande grep i tettstadutviklinga i Os sentrum må koma når ein får hand om Esso-tomta. Å fylla dette rommet ved gjestebrygga med lågblokker for pensjonistar med god råd, i orkesterplass mot fjorden, og med avstenging av utsynet for alt som ligg bak, ville vera eit dramatisk feilgrep for generasjonar framover.

I Europankonkurransen for unge arkitektar i 2015 var det mange av utkasta som, overraskande nok, gjorde nettopp det, men dette er gårsdagens byplanlegging. I den sosiale sona ved fjorden må det vera rom for alle, ikkje berre for dei få. Det er ikkje her ein skal skaffa pengar til ei slunken kommunekasse. Her må det investerast i felleskapets verdiar.

Historisk: Historisk er Os ein liten tettstad som veks fram midt på 1800-talet, med handel og gode tenester – ein gjestgjevar og skysskaffar, ein bakar, ein smed, ein glassmeister og dyktige båtbyggjarar ved Oselva.

Gangbru over elva

Det som kan forsterka desse verdiane og gjera historia meir nærverande og spennande, er å leggja ei gangbru over elva for å gjera Oselvarverkstaden meir tilgjengeleg, gjennom det nye visningssenteret som er under planlegging ved sida av verkstaden, som både vil gje båtbyggjarane meir arbeidsplass og rom for ei utstilling der vi får koma tett på ein båtbyggjar i arbeid, og der vi får sjå den store historia som oselvaren er ein del av.

Slik kan vi henta fram eit nærbilete av dei gamle handverkstradisjonane i den gamle strandstaden, som ein del av dagens fjordby.

Historisk er Os ein liten tettstad som veks fram midt på 1800-talet, med handel og gode tenester – ein gjestgjevar og skysskaffar, ein bakar, ein smed, ein glassmeister og dyktige båtbyggjarar ved Oselva. Denne vesle handverkarstaden, med kvite hus under raude pannetak, blir avløyst av stasjonsbyen i 1890-åra, prega av okerfarga sveitserstil, med den nye Osbanen og Os stasjon som formar tettstaden for hundre år framover og knyter bjørnafjordsbygdene og fjordabåtane til Nesttun og Bergen – «det tidsmæssige Bindeled». Og i 1930-åra tar industristaden form, med møbelfabrikkar, hermetikkfabrikk, landhandel og vognmakarverkstad.

Vognhallen

Ser vi etter det som pregar gatebiletet i dag, legg vi fort merke til Vognhallen og Os stasjon; på Øyro ligg den markante bankbygningen til Os Privatbank i stilrein nyklassisisme frå midten av 1930-åra og handelsbygget til N. Th. Moberg (Drageset) som eit tidstypisk funkisbygg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt lengre bak i landskapet ligg eit av dei signalbygga som framleis står, Fjellheim, teikna av Johan Lindstrøm i 1938 i eit klassisk formspråk, og ved kyrkja ligg prestegarden med sin vakre hovudbygning i empirens sobre stil, teikna av Ole Landmark i 1924, med mellomalderens årestove og 1600-talets «glasstue» i tunet – eit verdfullt kulturminne i nasjonal samanheng, også etter at det er sprengt ned eit stort parkeringsanlegg under bakken framfor.

Det neste viktige grepet kan liggja i å gjera ferdig restaureringa av Os stasjon, med rekonstruksjon av plattform og skinnegang ut frå Vognhallen. Etter at Statoilstasjonen er borte, kan faktisk skinnegangen leggjast tilbake på den originale traseen ut frå Os stasjon så langt som til Bahusfabrikken, med visse tilpassingar til kryssande trafikklinjer, og det kan leggjast dreieskive (som i dag ligg under asfalten sør for dagens rundkjøring). Då kan vi sjå for oss at det blir mogeleg å sykla med dressin eit stykke langs den originale skinnegangen, og kanskje kan det også kjørast eit lite togsett. Frivillige krefter i Vennelaget for Gamle Osbanen, med høg kompetanse, har sikra den siste av dei originale Osbanevognene, som no er under restaurering, og dei har spora opp eit smalspora lokomotiv som står nyrestaurert i England.

Restaurering: Det neste viktige grepet kan liggja i å gjera ferdig restaureringa av Os stasjon, med rekonstruksjon av plattform og skinnegang ut frå Vognhallen.

Kva skal ein familie oppleva?

Dette kan gjerne verka som ein total mangel på realisme, men i ei langtidplanlegging som skal skapa liv på Øyro, må det inngå meir enn berre å sikra parkeringsplassar og byggja dyre husvære i fire etasjar for velståande pensjonistar, som vil bu ved fjorden men handla andre stader. Vi må også kunna henta fram historia og eventuelt sjå etter sponsorar med sans for verdiar.

Vi må spørja oss: kva skal ein familie som kjem til Os og vil oppleva litt av innhaldet i denne strandstaden, fylla dagen med?

Dei kan starta med fine formiddagstimar ved fjorden, med innhaldsrike aktivitetar, der dei kan få seg god og rimeleg mat, så kan dei få ein minitur med Osbanen eller sykla på dressin, og studera ein nøyaktig skalamodell av Osbanen i den gamle stasjonsbygningen.

Deretter kan dei gå over den nye gangbrua frå gjestebrygga og over til Oselvarverkstaden, der dei kan koma inn i det nye visningssenteret ved sida av verkstaden og sjå ein båtbyggjar i fullt arbeid. Så kan dei få låna båt i Oselvarnaustet og ha gleda av å prøva seg med årar på fjorden. Dei kan vandra vidare til det historiske tunet på Lyngheim, og her kan dei boltra seg med fargar og penslar i rosemålarverkstaden. Er det ein solrik sommardag denne familien er på Os, kan dei vandra vidare innover Lyngheim til Bjørnafjorden Aktiv og det nye sjøsportsenteret ved den gamle moloen på Tausaskjeret, med utvida molo og sjøbasseng for rullestolbrukarar, stupebrett og utlån av kajakkar og surferbrett, og rikeleg plass for bading, både for store og små.

Må foredlast

Dei kvalitetane som ligg i den gamle strandstaden ved fjorden må foredlast i den nye fjordbyen, ikkje berre skyvast unna for å få meir plass til høgblokker. Vi må ta vare på verdiane på bakkeplanet.

Ved Arkitekthøgskolen i Bergen, der eg har vore lærar i mange år, er det i gang eit FoU-prosjekt om vestnorske tettstader. Andre året i utdanninga reiser studentane ut og legg tettstadene under lupa, med eit skarpt blikk for det som er vellukka og det som er mindre vellukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turen vil også koma til strandstaden Os. Gjennomgåande er det eit faktum at dei siste femti åra, i den mest velståande perioden i norsk historie, har bilen fått styra ei byutvikling som har øydelagt mange av tettstadene; dei gamle allmenningane er blitt parkeringsplassar.

Neste år vonar eg å få ferdig ei historisk biletbok om Os – Frå strandstad til fjordby – som byggjer på min artikkel i Bygdesoga for Os frå 1980, med kart over utviklinga gjennom to hundre år. Då må det også bli rom for eit kapittel om dagens tettstad og programmet for «Liv på Øyro».

Nils Georg Brekke