– Det blir stort og flott fyrverkeri for å feira Bjørnafjorden kommune

Første nyttårsdag blir fyrverkeriet sendt opp frå ein flåte litt sør for Sandholmane.

– Første nyttårsdag klokka 18.00 vert det stort og flott fyrverkeri for å feira Bjørnafjorden kommune. Fyrverkeriet blir sendt opp sentralt i den nye kommunen, frå ein flåte ute i Fusafjorden, litt sør for Sandholmane. Med lagleg vêr vert det storslått og godt synleg frå store delar av Os og Fusa, fortel kultursjef, Erik Vangsnes.

Vangsnes håpar at dette skal bli ein stor folkefest ute i det fri, og han vil oppmoda bjørnafjordingane om å samla seg både på sentrale fjelltoppar og langs strendene denne kvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kultureininga har oppmoda turlaga og andre organisasjonar om å ta initiativ til sosiale aktivitetar i samband med oppskytinga, fortel Vangsnes.

Dei som trekkjer inn mot sentrum for å sjå på fyrverkeriet, blir oppmoda om å late bilen stå og oppsøkja fyrverkeriet til fots.

– Dei som må bruka bil, vert oppmoda om å nytta offentleg parkering. Er ein i sentrum på Os, bør ein parkera på Osøyro og gå ut til Steinneset eller Lyngheim, til dømes – der kjem ein tettast på. Fyrverkeriet vil vera godt synleg i store delar av den nye kommunen, og det kjem til å bli stilig også på litt avstand, seier Vangsnes.

Det er som vanleg ProPyro – Bjørnafjord-firmaet – som er teknisk ansvarleg denne kvelden. Om det skulle bli for dårleg vêr, vil arrangementet bli flytta til helga etter, opplyser Vangsnes.