Leigetakar: — Me håpar ein framtidig leigetakar vil bidra med positivisme for innbyggjarane i Os.

Håpar snart å få lys i lokala i Drageset-bygget igjen

Sidan Tiny Trolls stengde ned i jula, har det vore mørkt i lokalet i førstehøgda i Dragesetbygget.

Etter tre år i bygget var eventyret over for barnekledebutikken Tiny Trolls i jula. Sidan har det vore mørkt i lokalet i det gamle varemagasinbygget i Os sentrum.

Norgesgruppen ASA sit framleis på ein leigeavtale for lokalet etter at Joker-butikken la ned for fem og eit halvt år sidan. Selskapet jobbar no med å få nytt liv førstehøgda.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me håpar ein framtidig leigetakar vil bidra med positivisme for innbyggjarane i Os, seier Torbjørn Ørgersen.

Les også
Siste innspurt: Tiny Trolls opnar med eit brak i morgon

Han er regionsleiar i Norgesgruppen.

— Korleis går arbeidet?

— Me har nokre konkrete interessentar, men per no er ingenting avklart.

— Veit du når de kan ha noko meir konkret å koma med?

— Me skal jobba meir med denne saka neste veke, så få får me sjå kva som skjer, seier Ørgersen.