Ekstraordinær vekst: Etter å ha bygd seg sakte men sikkert opp, skjedde det noko i 2021. Frå venstre: Stian Håvik (35), Elisabeth Håvik (34, Zsolt Korcsmár (33) og Anja Håvik (31).

Held på å veksa seg ut av banken: Familiebedrifta har hatt ei formidabel utvikling dei siste åra

Starta heime i huset, før dei flytta ut i garasjen. No har dei eit enormt varelager i det gamle bank-lokalet i Fjord´n Senter.

Tilbake i 2014 snakka søskena Stian (35) og Anja Håvik (31) om å starta opp noko saman. Stian hadde blitt inspirert av det Ørjan Nordveit hadde fått til med sykkelkomponenter.no, ei verksemd Nordveit starta i 2007.

— Anja budde i utlandet med Zsolt (Korcsmár journ.mrk.), seier Stian.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ja, eg hadde ingenting å gjera på. Det er litt av årsaka til at vi starta, skyt Anja inn.

Dei bestemte seg for å starta keepfit.no. For å skilja seg ut, satsa dei ikkje berre på sal av treningsklede, men også på treningsprogram og rettleiing. Dei hadde samla eit heilt team til den biten. Teamet, som blei leia av Håvard Ragnhildstveit, hadde med seg triatlet Gudmund Snilstveit og skiskyttar-søstrene, Liv Grete og Ann-Elen Skjelbreid med fleire.

Det viste seg å vera eit sjakktrekk opp mot leverandørar og det som med åra har blitt gode samarbeidspartnarar.

— Hummel og Puma, som er store, var nokre av dei første vi fekk på plass. Då vi tok kontakt, fekk vi spørsmål om kva det er som gjer at vi skil oss ut, fordi dei dagleg fekk førespurnader frå verksemder som ønskte å selja desse merka. Då kunne vi visa til rettleiingsbiten vår, seier Stian.

Tilset i hobbyen: Stian Håvik jobba vidare i mange år, med Keepfit som hobby på si. Dei siste par åra har han jobba fulltid i verksemda.

Tok over banken

Etter nokre år gjekk dei bort frå rettleiing, og fokuserte fullt ut på nettbutikken og sal. Med åra har dei vore konservative og forsiktige, og ikkje gambla.

— Om ein ser på tala, var det mange rolege år i starten, men stabil stigning kvart år. Innkjøp blir alltid gjort om lag seks månader før varene kjem, seier Anja og held fram:

— Vi har høyrd på tips og teke til oss noko. Ein del har vi prøvd ut, men som ikkje har lukkast heilt for oss — sjølv om det har vore ei suksess for andre. Vi har prøvd oss fram.

Veksten blei etter kvart merkbar på fleire måtar. Det er blitt meir og meir jobb, og varelageret, som først var i heimen, blei flytta ut i garasjen. Men det har ikkje stoppa der.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er varelageret til keepfit.no i Sparebanken Vest sitt gamle lokale i Fjord´n Senter. I 2019 blei dette for stort for banken, som flytta opp ein etasje, men det er ikkje for stort for dei unge gründerane frå Strandvik. I det enorme lokalet er det rekkje på rekkje med hyller fylt med varer frå golv til tak.

— Vi har til og med fått inn nokre hyller på kjøkenet, seier Stian og smiler.

Ekstraordinær auke i driftsinntekter

Det har blitt mange år med dugnadsarbeid. Mange lange dagar, og seine kveldar med pakking. Først i 2019 starta dei med å ta ut litt løn. Det var om lag fem år etter at dei hadde starta opp.

Det året kunne dei visa til driftsinntekter på 6,2 millionar kroner. I 2020 auka talet til 7,8 millionar, men det eksploderte verkeleg i 2021.

— Då meir enn dobla vi talet, til 20 millionar kroner, fortel dagleg leiar Elisabeth Håvik (34).

— Har det vore ei tid i løpet av desse åra, der de var usikre på om de ønskte å driva vidare?

— Vi har snakka om å gjera endringar, men aldri om å gje oss, seier Elisabeth.

— Det kom til eit punkt der vi sa at vi må ta ut litt løn. Det har også å gjera med å finna ut om dette er berekraftig eller ikkje. Vi kunne jo ikkje jobba dugnad for all tid, seier Stian.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontroll på lageret: Zsolt Korcsmár jobbar på lageret saman med Stian Håvik. Anja og Elisabeth Håvik gjer unna kontorarbeid, og held styr på økonomi, innkjøp og marknadsføring.

Barnehage i varelageret

På proff.no står dei oppført med tolv tilsette. Dette kunne ikkje vera rett, meinte dei fire. Men dei fann årsaka. Det har vore mange hjelparar inne i biletet, og dei er nok del av det talet. I dag er det fem fulltidstilsette. Zsolt jobbar 50 prosent i verksemda. Han er også tilsett i Os Fotball.

Gründerane har vore inne på at dei har vore forsiktige, og funne sin veg. Det trur dei er éin av nøklane til suksessen. Men det er nok fleire ting som spelar inn.

Relasjonane dei i mellom har også spelt ei rolle. Alle har drege lasset, og familiesituasjonane deira, er ganske så like. Elisabeth og Stian har tre jenter, medan Anja og Zsolt har to gutar, med ein til på veg.

— Det har nok hatt litt å seia at situasjonane våre er så like. At vi har stor forståing for kvarandre, seier Zsolt.

Samarbeid med kjend influensar

Borna har vore med på innkjøp og møte, og dei har vore med på pakking på lageret.

— Det har vore barnehage på lageret til tider, samstundes som vi har jobba, seier Anja og ler.

Kort tid før pandemien råka landet i starten på 2020, starta keepfit.no med satsing på turklede.

— Vi opplevde stor auke på sal av turklede. Då ville nok folk ut og gå tur, for det var ikkje mykje anna ein kunne gjera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har også fått skryt for bileta dei tek for å promotera produkta sine. Dei har også inngått eit samarbeid med ein kjend influensar, Marna Haugen. Dei har brukt ho tidlegare, men det var først i fjor at dei gjorde ein avtale med ho.

— Ho er blitt ein slags ambassadør for oss, seier Anja og held fram:

— Vi har testa ut fleire influensarar, men det er ikkje alt som har fungert så bra. Vi ser at samarbeidet med Marna, har vore svært nyttig for oss. Vi sender ho litt klede og sko, og ho viser det fram.

Bygd seg opp: Alle har vore flinke med å bidra med sitt heile vegen. Det har bidrege til at omsetnaden har auka sakte, men sikkert, og etter mange år med dugnadsjobbing, kan alle saman endeleg ta ut løn for strevet.

For snille

Om det er noko dei kunne ha vore betre på, så meiner dei sjølv at dei nok kunne ha vore tøffare. Det skal dei også ha fått tilbakemeldingar frå leverandørar på. At dei er for snille, og at dei kunne vore tøffare på å forhandla prisar.

— Vi kunne kanskje fått betre prisar, men vi er audmjuke og opptekne av å ha eit godt forhold til leverandørane våre, der vi kan hjelpa kvarandre når det trengst. Vi ser på dei som gode samarbeidspartnarar, seier Stian og legg til:

— Men sjølvsagt må jo tala gå opp, så det er ein hårfin balansegang.

Dei er klare på at dei nok ikkje har gjort alt etter boka — om det finst ei bok om korleis ein skal driva ei verksemd. Men dei har lukkast så langt. I dag kan dei ta ut løn, og til og med ha litt ferie. Det har dei ikkje unna seg før dei to siste åra. Dei har også fått litt meir definerte roller.

— Gutane på lageret, og jentene er på kontoret, seier Anja og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ligg an til vekst i 2022

Stian og Zsolt jobbar på lageret. Elisabeth er som nemnd dagleg leiar, og Anja er marknads- og innkjøpssjef. Det kjem dei fram til etter litt fram og tilbake.

— Vi har i grunn aldri vore så opptekne av titlar, seier Elisabeth.

Framtida til keepfit.no ser lys ut. Dei vil halda fram med å følgja trendar og tilpassa seg.

Det blir vekst også i år, om enn ikkje så stor vekst som dei hadde håpa på.

— Vi hadde ambisjonar om å nå 30 millionar. Det ser ut til å bli kring 23 millionar. Det er positivt med vekst i eit tid der mange verksemder slit. Så det tek vi med oss.

Skal selja ut varer før jul

Eit problem no, er at varelageret er ganske så fullt. Det vil koma fusingane til gode.

— Vi skal ha pop-up-butikk både her på senteret og i Strandvik før jul. Det blir kjekt, seier Stian.

Det kan også henda at dei dukkar opp fleire stader. Det får tida vise. Men ein permanent fysisk butikk, skjer truleg aldri.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi har fullt fokus på nettbutikken.