Populær hinderløype: Osbadet er mange barnefamiliars sommarparadis.

Her sette dei (truleg) ny publikumsrekord i går

Ikkje sidan 1998 har ein julidag vore så kald og sur. Det kan Osbadet jubla for.

— Ja, her var det eit herleg kaos i går, seier Wenche Nyhamn Olsen.

Med 588 personar innom i opningstida frå klokka 10 til 17, har Osbadet etter alle solemerke sett ny publikumsrekord.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Olsen, som eigentleg er sjef for marknad og innkjøp, var det berre til å låsa kontordøra og iføra seg uniforma. Med så mykje folk i bassenget var det alle mann på dekk.

— Eg hadde sympati med dei som kom heilt på slutten av dagen i trua på at det då ville vera rolegare. Men gjestene hadde godt humør og gode ord til oss, og det er vi takknemlege for, seier ho.

I sommar har det nemleg vore vanskeleg å spå når det er mindre folk i bassenget.

Stengt Bergens-bad

Men det er ikkje berre det kalde og våte julivêret som slår positivt ut for Osbadet. Også stenginga av ADO i Bergen sender langt fleire enn vanleg til Os.

— Dei gjekk til og med ut på Instagram-sida si og bad folk som ville symja reisa til Osbadet. Då tenkte vi: «Symjing, det har ikkje vi plass til!», seier Olsen og ler.

For sjølv om Osbadet har både stupebrett og 25-metersbasseng, er det barnefamiliar, hinderløyper og leik i vatnet som tradisjonelt har vore dominerande.

— Men eg ser vi har klart å få til begge deler så langt. Til og med i går var det ein del som dreiv symjetrening.

Med rekordbesøk tysdag, og så langt tidenes regnsommar, ligg det gjerne an til langt betre tal enn i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olsen minner om at sommaren langt frå er over.

— Det skal så lite til. Om det no kjem to veker med fint vêr, så droppar tala raskt.