På is: Alt av investeringar er lagt på is inntil vidare, fortel Karsten «Kakki» Austevoll.

«Kakki» til iLaks: — Ikkje sjans å tena pengar

INKA-eigar Karsten «Kakki» Austevoll er svært skuffa over regjeringas straumstøtte-ordning for næringslivet.

Det er i eit intervju med bransjebladet iLaks at eigaren av fiskeforedlingsbedrifta INKA på Lepsøy, kjem med eit hjartesukk.

Berre i løpet av august, dobla INKAs straumrekning seg frå 800.000 til 1,6 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Lansert i dag: Slik er regjeringa sin straumpakke

Han meiner regjeringas forslag til straumstøtte for næringslivet ikkje er nok, og at tre milliardar kroner i støtte på tre månader ikkje er nok til å dekka dei store tapa selskapa no sjølv må dekka for å overleva.

I fylgje Austevoll er alt av investeringar lagt på is, og «heile botnlinja for selskapet er skrapt bort».

— Eg håpar at regjeringa vil tenkja nytt når det skal evaluerast etter nyttår. Akkurat no er det ikkje sjans å tena pengar.