Nye fliser: Fredag pågjekk det arbeid med nye fliser og det nye inngangspartiet.

Ny butikk tek form: – Me er veldig glade for å få nett denne kjeda på plass

Vil ta heile inngangshjørnet på Amfi i bruk.

Fredag tok senterleiar Kenneth Smørdal ein kikk på arbeidet med Mester Grønn sin nye blomsterbutikk på Amfi Os.

– Det må tilpassast skikkeleg. Her blir det inngang frå to sider, og store opningar ut mot senteret, slik Mester Grønn-kjeda også har det i andre sentre, seier Smørdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

I midten av oktober kunne Os & Fusaposten fortelja at Mester Grønn skulle inn i Fjorden Blomster sine tidlegare lokale.

— Me gler oss til å opna. Me har vore etterspurd blant fleire kundar og har stor tru på å lukkast i AMFI Os, sa administrerande direktør i Mester Grønn, Erling Ølstad, den gongen.

Opnar i januar

Mester Grønn får om lag 154 kvm å boltra seg på. Fredag pågjekk det legging av nye fliser og arbeid med det nye inngangspartiet. Enno er det litt som skal gjerast.

– Dette arbeidet tek nok litt tid. Sidan skal Mester Grønn overta lokalet og gjera sine tilpassingar, fortel Smørdal.

– Kan du seia noko om opningsdato?

– Det er ikkje alt ein alltid har kontroll på. Noko kan dra ut i tid. Skriv i løpet av januar. Det er det tryggaste. Då har me i alle fall ikkje lova for mykje, smiler Smørdal.

Han er veldig nøgd med å få ein blomsterbutikk tilbake i senteret, og er ekstra glad for at det er Mester Grønn.

– Dei er leiande i marknaden over heile landet, slår Smørdal fast.