Koronavirus: 11 nye smitta med covid-19 i veke 41.

11 smitta sist veke: Dei fleste er fullvaksinerte

Veka før var det ingen som fekk påvist smitte.

Sist veke, veke 41, fekk 11 personar påvist covid-19 i Bjørnafjorden.

Dei fleste er fullvaksinerte, og ingen er alvorleg sjuke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smitten har stort sett skjedd i husstanden eller familien.

Dette er 11 fleire enn veka før, då altså ingen fekk påvist koronaviruset i kommunen.

Det melder Bjørnafjorden kommune på si heimeside.

Desse er smitta

Dei 11 er:

* To barneskuleelevar

* Ein ungdomsskuleelev

* Tre personar i 40-åra

* Ein person i 50-åra

Artikkelen held fram under annonsen.

* Tre personar i 60-åra

* Ein person i 70-åra.

Kommuneoverlege Klaus Melf meiner smitten er eit uttrykk for at folk er meir mobile og har meir sosial kontakt.

— Men eg vurderer det slik at vi framleis har låg risiko for smitteauke og for negative konsekvensar for innbyggarar og tenester i Bjørnafjorden kommune.

Treng ikkje nye tiltak

Det er ikkje behov for andre tiltak enn grunnleggande smittevernråd: Isolering og testing ved sjukdom, hand- og hostehygiene, vaksinasjon og nedjustert TISK.

Det er god tilgang på smittevernutstyr og personell, god kapasitet på smittesporing og testing.

Kommuneoverlegen melder òg at det er utfordrande å nå målet om 90 prosent vaksinerte i aldersgruppa 18-44 år, spesielt dei mellom 25 og 39 år.

Kommunen har starta vaksinasjon med tredje dose koronavaksine til immunsvekka personar og personar over 65 år