Tjuveri: Torsdag kveld fekk politiet i Os melding om tjuveri frå ein butikk nord for Os sentrum.

16-åring skal ha stole cider frå butikk

Stakk ifølgje politiet frå staden, men vart innhenta.

Det skriv politiet i Bjørnafjorden i ein e-post til avisa.

Hendinga fann stad litt før klokka 19 torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje politiet skal den 16 år gamle jenta ha stole fire cider frå ein butikk nord for Os sentrum.

– Jenta stakk frå staden, men vart innhenta, opplyser politiet.

Den same jenta, skal litt seinare, ha stole ein vare frå ein butikk i Os sentrum.

– Politiet var på staden. Jenta vart henta, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i e-posten.