Fest: Politiet måtte rykka ut til to festar i Hagavik i helga. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Politiet rykte ut to gonger etter melding om festbråk i Hagavik

Politiet fekk to meldingar om festbråk i Hagavik.

Laurdag kl. 23:48 kom det melding til politiet om festbråk i Hagavik med 10-20 personar på staden. Seinare på natta rykte politiet ut til staden og gav festdeltakarane pålegg om å dempa seg.

– Då politiet forlét staden, var det roleg, opplyser vakthavande.

Søndag kl 00:49 blei politiet kontakta om festbråk på ei anna adresse i Hagavik. Ei tid etter kom politiet til staden og gav pålegg om ro.

– Det kom ikkje fleire meldingar på adressa i etterkant, opplyser politiet.

Rusa kvinne på E39

Laurdag kl 22:16 fekk politiet melding om ei rusa kvinne som gjekk langs E39 ved Halhjemsvegen. Politiet rykte ut til staden og møtte på kvinna som blei køyrd heim.