Hjartestartar: Berre éin av to stolne hjartestartarar vart funne att.

20-åring vedgår å ha stole to hjartestartarar

Tysdag kveld ransaka politiet ei adresse i Os, og gjorde éitt funn, men den mistenkte hadde meir på samvitet.

Det var ein hjartestartar som vart stole for nokre veker sidan som vart funne hos den mistenkte. Mannen i 20-åra har erkjent tjuveriet av hjartestartaren, samt ein annan hjartestartar som forsvann i oktober i fjor. Berre ein av desse vart funne i går kveld. Hjartestartaren vart stole frå idrettsbanen på Kuventræ.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Den ser ut til å vera i god stand, men skal sendast inn til inspeksjon for å få sjekka at det ikkje er noko gale med han, fortel politioverbetjent Thomas Juulseth og held fram:

— Bakgrunnen for ransakinga, er tjuveriet på Kuventræ barneskule i mai, men ingen av desse gjenstandane vart funne.

Kuventræ skule: Fleire tjuveri har funne stad her, og etterforskinga av mistenkte pågår framleis.
Les også
Innbrot på Kuventræ barneskule: - Politiet har akkurat vore på staden
Les også
Hjarteskjerande tjuveri: — Her snakkar me om utstyr som kan redda liv

Det vart stole data- og teknisk utstyr frå barneskulen.

— Me meiner det er gode haldepunkt for at mistenkte har gjennomført tjuveria og etterforskinga held fram, seier Juulseth, sjølv om mannen ikkje har erkjent dette tjuveriet.

900 kroner i gebyr

Tysdag kveld, frå klokka 18.30 og utover kvelden, vart det også delt ut tre gebyr på Halhjem ferjekai.

— Tre bilar stod parkerte på fortauet, og fekk gebyr, fortel politioverbetjenten.

Gebyra er på 900 kroner.