Vil bli testa: Alle dei 27 elevane på klassetrinnet blir rekna som nærkontaktar, er i karantene og vil bli testa så snart som mogleg.

27 elevar i karantene: - Vil bli testa så snart som mogleg

To elevar på 7. trinn ved Søfteland skule har fått påvist covid-19.

Alle dei 27 elevane på klassetrinnet blir rekna som nærkontaktar, er i karantene og vil bli testa så snart som mogleg, opplyser kommunen onsdag.

– Dei som er nærkontaktar ved skulen, har fått beskjed. Alle andre skal vera på skulen som vanleg, skriv kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helsepersonell frå kommunen vil ta kontakt med føresette til nærkontaktane for meir informasjon og rettleiing i løpet av dagen.

Karantenen gjeld berre nærkontaktar, og ikkje deira husstandsmedlemer.