Miniplantasje: På soverommet hadde mannen laga til ein miniplantasje med over ti planter. Dette er eit illustrasjonsfoto.

35-åring dyrka cannabisplanter på soverommet — heilt til nokon fekk ferten av det

Politiet ransaka ein bustad i nærleiken av Os sentrum tysdag. Der fann dei cannabisplanter.

Det kjem ikkje fram av politiloggen, om det var ein nabo som hadde tipsa politiet, eller om det var politiet sjølv som hadde fått ferten av plantene som spira på soverommet til 35-åringen.

— Politiet fekk i alle fall rettens kjenning til å utføra ransaking på adressa. På adressa bur det ein mann som vi har vore i kontakt med mange gonger tidlegare. Han held til i nærleiken av Os sentrum, fortel politioverbetjent Anne Lyssand og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det viste seg at han hadde bestilt frø og dyrka meir enn ti cannabisplanter i ein plantasje han hadde laga til. Mannen blei teken med inn i avhøyr og dimittert seinare på dagen, fortel Lyssand.