La ned krans: Olav Kvinge, hovudtalar under markeringa, var blant dei som la ned krans.

75 år med fridom: - Langt frå alle er så heldige

– Det er ein tankekross at mange flyktningar, menneske som enno ikkje har fått oppleva sitt 8. mai, er gjenstand for hatefulle ytringar, fiendlegheit og fordommar, seier Olav Kvinge, som tala under 8. mai-markeringa i Minneparken.

Det måtte bli ei litt annleis markering av 8. mai i 2020, grunna koronaviruset, og restriksjonane som følgjer pandemien. Kommunen sende direkte og lokalavisa var til stades for å ta del i markeringa, som blei opna av ordførar Trine Lindborg.

– Velkommen til markeringa av frigjerings- og veterandagen. Den første i Bjørnafjorden kommune. Året 2020 – 75 år i fridom – vi skulle så gjerne sett at denne merkedagen blei feira med mykje folk kring oss i Minneparken. No må vi markera på ein annan måte. Eg håpar at fleire får sett denne markeringa frå heimen direkte eller i opptak seinare i dag. Koronasituasjonen set likevel ikkje ein stoppar for at vi skal feira denne viktige merkedagen. Med å heidra dei kvinner og menn vi kan takka for fridom sidan 1945 – og samstundes hylla dei veteranane som har kjempa for ei betre og tryggare verd i ulike oppdrag utanfor Noreg sine grenser. Takk. Eg vil også takka soldatane vi har med her oss i dag. Dei kjem frå Vakt og sikring Haakonsvern, avdeling Ulven leir, sa Trine Lindborg under opningstalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fedrelandssalmen var neste punkt på programmet, framført av ein kvintett frå Os musikkforening og Os skulekorps.

Isabell Renee Aase song «Til ungdommen» – akkompagnert av Knut Vidar Garlid, før offiser Olav Kvinge stod for hovudtalen for dagen. Kvinge takka for tilliten og for oppdraget.

– Det er med respekt, ærefrykt og audmjukheit eg står her i dag, seier han.

Talen kan ein sjå i sin heilskap her:

Kvinge understreka mellom anna at vi er heldige som i 75 år har levd i fridom. Mange er langt frå så heldige, og lever under tøffe kår – som nordmenna gjorde under fem år i okkupasjon.

– Mange land og folk ventar på sitt 8. mai. Kvar dag opplever uskuldige menneske ufred, krig og konflikt. Dei har mista sine kjære og alt dei eig. Som nordmenn har dei opplevd og opplever å vera okkuperte, sa Kvinge.

– Mange har mista sin fridom og er på flukt frå krig og forfølging. Frykt for det ukjente, som har utvikla seg til fiendlegheit mot det ukjende og framande, er også opphavet og utgangspunktet for mange konfliktar. Det er ein tankekross at mange flyktningar, menneske som ennå ikkje har fått oppleva sitt 8. mai, i dag er gjenstand for hatefulle ytringar, frykt, fiendlegheit og fordommar. For å sitera Kong Harald: «Hat og fordommar gjer oss mindre. Anstendigheit gjer oss alle større». Her har vi alle eit ansvar. Spesielt vi som opptrer i det offentlege rom.