Får fullverdig vitnemål: Alle skriftlege eksamenar i videregåande er også avlyste. Elevane får fullverdig vitnemål sjølv om skriftleg eksamen er avlyst.

Alle eksamenar for 10. trinn og alle skriftlege eksamenar for vidaregåande skule er avlyste

Det har regjeringa bestemt. Alle elevar får vitnemål sjølv om eksamen vert avlyst.

Fagsjef Per Olav Sørås sa tidlegare i dag at kommunen avventa svar frå sentralt hald på korleis det vert med eksamenar og vitnemål. No er avgjerda altså tatt.

Les også
Kva skjer med eksamen og vitnemål?: – Situasjonen skal uansett ikkje gå utover elevane

Kunnskapsdepartementet vil vurdera om det vil vera mogleg å gjennomføra munnleg eksamen. Dette vil bli avgjort etter påske. Det opplyser Udir på sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevar på 10. trinn får fullverdig vitnemål utan eksamen. I vitnemålet vil det stå at eksamen var avlyst. Dette har ikkje konsekvenser for inntaket til vidaregåande opplæring.

Alle skriftlege eksamenar i videregåande er også avlyste. Elevane får fullverdig vitnemål sjølv om skriftleg eksamen er avlyst. I vitnemålet vil det stå at eksamen var avlyst til liks som med 10. klassingane, og det vil ikkje ha konsekvensar for inntak til høgare utdanning. Elevane må bestå alle faga for å få vitnemål.

Ifølgje Udir må lærarane prioritera å sikra vurderingsgrunnlaget fram til sommaren, slik at alle elevar får standpunktkarakterar.

– For at lærarane skal få eit godt nok grunnlag for å setja karakter, er både elevanes deltaking og innlevering av oppgåver viktige.

Krava til å setja standpunktkarakter før skriftleg eksamen (lokal eksamen) og før fellessensur (sentral eksamen), fell bort når desse eksamenane er avlyste.

Kunnskapsdepartementet ser no på moglege løysingar for at privatistane skal kunna ta eksamen.