Krise: — Det er krise. Vi må bruka det ordet, sa einingsleiar Sveinung Gangstø i sommar om fastlegesituasjonen.

Allmennlegetenesta blir foreslått styrkt med 1,6 milliardar mot 2024

Allmennlegetenesta blir styrkt med 300 millionar til kroner i regjeringsforslaget til statsbudsjett for neste år.

– Fastlegane speler ei nøkkelrolle i helse- og omsorgstenesta. Vi treng fastlegane for å gi innbyggjarane eit godt helsetilbod der dei bur, men ordninga er under press. I statsbudsjettet følgjer vi derfor opp handlingsplanen og set inn fleire tiltak for å auke rekrutteringa og sørgja for at innbyggjarane har ein fastlege å gå til i framtida, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Les også
Kva vil det seia at det er seks ledige fastlegeheimlar? Gangstø forklarar
Les også
Fastlegekrisen som berre blir verre: Dette forventar Gangstø frå sentralt hald

Regjeringa vil fremja forslag om å styrkja allmennlegetenesta med 1,6 milliardar fram mot 2024.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant tiltaka foreslår regjeringa å styrkja basistilskotet med til saman 205 millionar kroner. Målet er auka tryggleik for legar som startar med korte lister, og å leggja til rette for at legane kan redusera arbeidsbelastninga si noko. I tillegg er det avsett 49 millionar kroner til å auka refusjonstakstane frå 1.1.2022.

Les også
Stadig fleire unge sluttar som fastlege. Hjørdis (37) er ein av dei

– Vi må sørgja for å gjera fastlegeyrket til eit meir attraktivt val for unge legar, og at fastlegar ønskjer å bli verande i jobben. Då er det viktig med økonomisk føreseielegheit og mindre arbeidsbelastning, seier Høie.

Les også
Framleis står seks fastlegeheimlar ledig i Bjørnafjorden: – Vi må gjera ordninga leveleg for legane
Les også
Han får ansvaret for fastlegetenesta i kommunen