Høg temperatur: Politiet måtte rykka ut to gonger på kort tid etter melding om krangling og slåsting.

Ampert fleire stader: — Det skal ha vore 6-7 personar som slåst

Kort tid mellom to meldingar om slåsting, verbal krangel og dårleg stemning, med fleire personar involverte.

Første tilfellet fann stad laurdag kveld i 23-tida. Då skal det ha vore eit slagsmål på ei privat adresse sør for Os sentrum.

— Det skal ha vore 6-7 personar som slåst. Før politiet kom til staden, vart det meld at slagsmålet hadde opphøyrd. Det var fleire ubedne tenåringar som hadde kome til ein privat fest, skriv politioverbetjent Christine J. Grindstein i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv Grindstein at foreldre til nokre av ungdomane som framleis var på staden, blei varsla, og at det var roleg på staden då politiet kom.

— Ingen framstod skadde, og det blei ikkje oppretta sak.

Nokre timar seinare, klokka 01.35 natt til søndag blei det meld om verbal krangel og dårleg stemning mellom seks unge menn i 17-19-årsalderen. Dette var ved 7-eleven.

— Politiet drog til staden. Det var usemje mellom to partar, og det hadde vore ein fysisk konfrontasjon. Ingen ønskte å melda kvarandre, og ingen var skadde. Foreldre til den mindreårige blei informerte om forholdet, skriv Grindstein.