Vann: Finalen gjekk av stabelen fredag, og Andrea gjekk heilt til topps med sin tale om kroppspress og dusjbåsar.

Andrea gjekk heilt topps med sterk tale om kroppspress. Les heile talen her

Talen til Andrea Teistedal Dyrøy frå Kongshaug Musikkgymnas gjorde inntrykk.

Dette var tredje gong ein elev frå Kongshaug var med i finalen i den landsdekkande konkurransen Ta ordet!

Ta ordet! 2022

Ta ordet! er ein nasjonal talekonkurranse for elevar i vidaregåande skule, og heile femti skular er med i år.

Rundt 10.000 ungdomar hadde skrive talar til årets konkurranse.

Andrea Teistedal Dyrøy var éin av seks finalistar.

Frå å vera eit lokalt prosjekt ved UiB då det starta i 2016, involverer Ta ordet! no lærarar og elevar på vidaregåande skular i heile Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finalen gjekk av stabelen fredag, og Andrea gjekk altså heilt til topps med sin tale om kroppspress og dusjbåsar. Dette er andre gong ein elev frå Kongshaug har vunne konkurransen.

Her er vinnartalen til Andrea:

I femte klasse blei det laga ei liste over kven av jentene i klassen som var styggast nakne. Den blei hengt opp i klasserommet, og dei jentene som vart kåra til å vere styggast, var dei som hadde fått pupper og som ikkje var syltynne.

Lista blei laga etter ein gymtime der me dusja. Fellesdusjane er eit problem. Hadde det ikkje vore for dei, hadde ikkje denne lista blitt laga.

Unaturlege kroppsideal har gjort det normalt å dømme andre sin kropp. Å slengje kommentarar om kropp i dusjane er ikkje uvanleg. Viss du har fått puppar på barneskulen, så er det rart. Men viss du ikkje har puppar på ungdomsskule, er det endå rarare.

Det er stygt om du er for tjukk, men det er ikkje fint om du er for tynn heller, for då ser du berre sjuk ut. Uansett korleis du ser ut, blir kroppen vurdert utifrå urealistiske kroppsideal i fellesdusjen.

Idealkroppen kjem frå folk på nett som har tatt feittsuging, buttlift og fått sett inn silikon. Dette er ikkje den naturlege kroppen, og då ser sjølvsagt ikkje unge slik ut heller.

Lista som kåra dei som var styggast naken, påverka jentene i mange år etterpå. Ho som kom på førsteplass fekk eit usunt forhold til kropp og mat. Jentene på 2. og 3.-plass hugsar òg godt korleis det var å vere kåra som dei styggaste naken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste åra har talet på elevar som dusjar etter gym, gått drastisk ned. Elevar okkuperer toalettet for å skifte og vaske seg under armane. Og dei snakkar stygt om dei som vel å skifte opent i garderobane.

Halvparten av alle elevar på norsk ungdomsskular er ukomfortable med å vere naken framfor andre. Dei som dusjar i garderobane risikerer å bli snikfotograferte og få nakenbilete spreidd på sosiale medium.

Skal me verkeleg la risikoen for dette vere ein del av kvardagen til unge i Noreg? Eit argument for fellesdusjar er at ungdom i dag kan sjå naturlege kroppar.

Men viss ein må få ungdom til å kle av seg og dusje med folk dei kjenner seg utrygge med for å få sjå naturlege kroppar, er det eit samfunnsproblem.

Og eit samfunnsproblem vert ikkje løyst ved å bli tvungen til å vere naken.

Det ideelle hadde sjølvsagt vore om ungdom i dag var nøgde med seg sjølve, og var sikre og glade i den kroppen dei har. At unge kunne dusje etter gym, utan å vere redde.

Men sjølvtillit kan ikkje bli påtvunge, og ein blir ikkje meir komfortabel av at nokon bestemmer kven du skal vere naken framfor.

Eg er for kroppsaktivisme som viser mangfald, men det må vere frivillig. Mobbing i fellesdusjen er ein ting som skjer. Det er ikkje nytt, og det har dessverre ikkje blitt noko betre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette problemet kjem ikkje til å forsvinne, men me kan betre situasjonen for alle skuleelevar i Noreg. Og få dei til å føle seg mindre dømd. Båsar i fellesdusjane ville gjort slik at fleire skuleelevar hadde turt å dusje etter gym.

Du sit kanskje no og tenkjer: Kva er det ho snakkar om? Skjønner ho ikkje kor dyrt dette kjem til å bli?

Rognan ungdomsskule i Nordland gjorde dette. Dei investerte i båsar, og dei seier det var ei lita investering som gav ein betre kvardag til den enkelte elev.

Er ikkje trivselen til kvar enkelt elev viktig for både skulemiljøet og elevanes læring? Å setje inn båsar hadde vore til hjelp for meg då eg var ti år gammal og gjorde alt for å unngå gym.

For eg hadde det svart på kvitt. At det var eg som var den styggaste jenta naken.