Fekk pris: 1. februar gjekk kjedetreffet til Fargerike, Fargerike Awards, av stabelen på Gardermoen. Her blei fire ulike Fargerike Awards for 2019 delte ut. Andrius Haukeland frå Fargerike Os vann prisen «Årets Medarbeider».

Andrius Haukeland vann pris som «Årets Medarbeider»

– Han har eit stort engasjement og er ein person ein alltid kan stola på.

1. februar gjekk kjedetreffet til Fargerike, Fargerike Awards, av stabelen på Gardermoen. Her blei fire ulike Fargerike Awards for 2019 delte ut under festkvelden med 370 feststemte deltakarar som publikum.

Andrius Haukeland frå Fargerike Os vann prisen «Årets Medarbeider».

Artikkelen held fram under annonsen.

Andrius blei nominert av butikkleiar Paal Moberg. I si grunngjeving legg han mellom anna vekt på at Andrius «har eit enormt stort engasjement og at han er ein person ein alltid kan stola på».

– Allereie i ung alder har Andrius vist stor interesse for og evne til å ta imot kunnskap i faget. Både i teori og praksis stiller han på høgde med gamle, hardbarka fargehandlarar. Andrius møter alle kunder med ro og kunnskap og skaper eit godt kundemøte, skriv Moberg.