Stengd: Landboden er stengt for gjennomkøyring ved parkeringa utanfor Os Aktiv i denne perioden.

Arbeidet ved Landboden held fram utover våren. Varslar veg-stengingar

Kommunen oppdaterer om arbeidet ved Landboden i Os sentrum.

Fase 1 ved Osbrua er ferdig. Fase 2 pågår no. Her er det utført arbeid med hovudgrøft, nye leidningar og nedsetting av nye kummer. No held arbeidet fram med ny grøft for overvatn og ny hydrant for uttak av brannvatn.

– Etter testing, kloring og utspyling av nye leidningar, skal bygga rundt knyttast på nytt anlegg. Deretter skal det leggjast nye trekkerør og kablar for straum og fiber, grøfta skal lukkast, og alle mellombelse leidningar og omleggingar skal fjernast, opplyser kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fase 2 vil pågå ut februar. Landboden vil vera stengt for gjennomkøyring ved parkeringa utanfor Os Aktiv i denne perioden.

Fase 3 omfattar strekket frå Osøyro mot Giskavollen, og startar i mars.

Tidspunktet er vald for kunna «nytta den lave fjøra i mars, både for graving av grøfter og når Baronselva skal kryssast».

– Landboden må stengjast inn mot Osøyro i perioden arbeida pågår, skriv kommunen.

Fase 4, Landboden/Giskavollen, får oppstart til sommaren.

– Arbeida mellom Landboden og Giskavollen kan først utførast når arbeid inn mot Osøyro er ferdig. Forventa oppstart er til sommaren, men endringar i framdrifta vil kunna skje, presiserer kommunen.