Snø og vinter: Så langt i år har det vore relativt snøfritt på Vestlandet, men no er det slutt.

Årets fyrste er på veg, men i år blir det neppe kaos over Vallaheiane

Frå tidleg torsdag morgon er årets fyrste snøfall venta.

Kanskje hugsar du det framleis? Korleis det var å stå i endelause køar til eller frå jobb i Bergen fordi eit utanlandsk vogntog med sommardekk hadde køyrt seg fast på norges skumlaste fjellovergang, Vallaheiane?

No køyrer dei som vil, tørrskodde gjennom dei nye E39-tunnelane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uansett, no melder Meteorologisk Institutt at årets fyrste snøfall er på veg til oss her i Bjørnafjorden. Dei har til og med sendt ut gult farevarsel.

Frå tidleg torsdag til fredag morgon kan det koma i overkant av fem cm snø.

Det er likevel ikkje sikkert at det kjem snø alle stader, og vêrvarslarane er usikre på desse snøbygene.

Tilrådinga er likevel som fylgjer: Rekn ekstra tid til transport og køyring. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda. Det kan verta lokalt vanskeleg køyreforhold.