Melding: Ein asfaltbil har falle 10 meter ned ein skrent like bak Meny.

Asfaltbil fall ti meter ned skrent

Det melder politiet på Twitter.

Onsdag morgon melder politiet at ein asfaltbil har falle 10 meter ned ein skrent. Ulukka skjedde i Industrivegen, ved Meny.

– Det er ikkje meldt om personskade, men materielle skadar på køyretøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppdatert:

Bilen ligg på parkeringsplassen like ved lagerinngangen til Meny.

Politiet er på staden og gjer undersøkingar. Det same er brannvesenet.

Brannvesenet melder på Twitter at det skal ha runne ut ein del varm asfalt.

BA har fått opplyst at cirka eitt tonn med varm asfalt har lekt ut.

Utfor skrenten: Bilen hamna på parkeringsplassen like utforbi lagerinngangen til Meny, der den delvis trefte ein bil med hengjar.

Ulukka skal ha skjedd i samband med asfalteringsarbeid i ein veg bak Meny.

Ifølgje arbeidarar på staden skal bilen ha blitt fjernstyrt då den plutseleg skal ha byrja å rulla bakover. Dei fortel og at handbrekket skal ha vore på.

Sjåføren skal ha prøvd å hoppa inn i lastebilen og stoppa han, men det lèt seg ikkje gjera. Han skal ha måtta hivd seg ut att, før bilen forsvann utfor skrenten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilen hamna på parkeringsplassen like utforbi lagerinngangen til Meny, der den delvis trefte ein bil med hengjar.

Vel kl 10 melder politi og brannvesen melder at dei er ferdige på staden, og at det aktuelle firmaet skal stå for oppryddinga.