Kontroll: Statens vegvesen fann mykje å reagera på då dei gjennomførte trafikkontroll onsdag.

Åtte skriftlege manglar og sju bruksforbod på 31 kontrollerte køyretøy

Statens vegvesen gjennomførte kontroll på Halhjem og ved Hjellemarka onsdag, og fann ein god del å reagera på.

– Statens vegvesen har hatt kontroll på Halhjem ferjekai og ved Hjellemarka. Hovudfokus var køyre- og kviletid, dekk/kjetting og trafikktryggleik. Det er også heile tida fokus på køyretøy med lysmanglar, fortel John Kåre Larsen.

Resultatet av kontrollen blei dette:

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein fekk bruksforbod på overlast. Dette var ein varebil som lovleg kan lasta max 3500 kg.

4 køyretøy fekk bruksforbod på lastesikring. Her måtte lasten sikrast før vidare køyring.

1 spesialtransport fekk bruksforbod pga mangelfull merking av last.

1 køyretøy fekk bruksforbod pga manglande bremselys (dette var ein tilhengjar).

5 køyretøy fekk tekniske manglar pga blant anna blinklys, nærlys, bremselys og baklys.

1 med tilhengjar fekk teknisk mangel pga feil med tilhengjarkobling (sikkerheitsvaiar).

1 containerbil med tilhengjar fekk teknisk mangel pga feil med låseanordning for container (iso).

1 lastebil fekk teknisk mangel pga skade i dekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

5 førarar blei kontrollerte på køyre- og kviletid. Her blei det gitt ei åtvaring.

1 lastebil fekk gebyr for manglande kjettingar i køyretøyet. Her skal det i dette tilfelle vera 3 stk.

– Elles var det mykje bra på vegane våre, noko som vi i Statens vegvesen er glade for, legg Larsen til.