Er bekymra: Politioverbetjent Anne Lyssand fortel at politiet fryktar at problemet skal eskalera.

Åtvarar foreldre: – Menn betaler unge jenter for å koma i kontakt med dei

Politiet opplyser om eit nytt fenomen. Menn bruker appen «Yubo» til å koma i kontakt med unge jenter. – Eit problem også i Os, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Politioverbetjent Lyssand fortel at appen Yubo (sjå faktaboks) blir omtala som born og unge sin versjon av Tinder.

Yubo

Yubo (tidlegare kjend som Yellow) er ein type sosiale medium som har fokus på det å finna nye venar og auke den sosiale kretsen på internett.

Appen har mellom anna ein funksjon som minner om Tinder, der ein kan sjå gjennom profilbilete og korte profilvideoar til andre personar. Deretter kan ein sveipa til venstre for å forkasta ein foreslått brukarprofil eller sveipa til høgre for å leggja til ein ny person som ven. Ein kan også søkja etter spesifikke brukarnamn for å leggja til nye personar i kontaktlista.

Motparten må også sveipa deg til høgre før de hamner i kontaktlista til kvarandre.

Yubo har også funksjonar for:

Livestream. Der ein kan sjå andre filma seg sjølve der og då. Og ein kan filma seg sjølv og senda det ut på internett slik at andre kan sjå.

Chat med venar der ein kan senda tekst og bilete.

Chat i grupper.

Videonettprat med venar (privatchat der framande ikkje kan sjå på og kommentera - krev kjøp av abonnement).

Er ein over tretten år, kan ein oppretta konto med samtykke frå foreldre. Framgangsmåten er likevel den same anten ein er over 17 år eller under. Ein må ikkje tasta inn foreldra sin e-postadresse eller noko liknande slik at foreldre til born under 17 år blir varsla om at ein konto er oppretta med deira samtykke.

Vêr obs på at alle, inkludert vaksne, kan oppretta ein brukar og lyga på alderen slik at dei får tilgang til ungdomens del av Yubo. (Yubo sine brukarar er fordelt på to rom med anten ungdom eller vaksne (frå 18 år).

Kjelde: Barnevakten.no

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jenter får kontakt med gutar. Gutane, eller menna, spør jenta om dei kan leggja dei til på Snapchat. Så får dei 10-, 20-, eller 30 kroner. Dei blir kjende, og snakkar meir saman og jentene får meir pengar. Dette synast desse unge jentene er stas, fortel Lyssand.

– Kvifor ønskjer mennene kontakt med unge jenter?

– Dei har nok skumle hensikter. Det er ekstremt viktig at foreldre følgjer med. Sjekk kva borna brukar pengar til, og sjekk kva som kjem inn. Still spørsmål. Det er nokre foreldre som ikkje tillèt born å ha Vipps. Dette er noko jentene gjerne jobbar rundt, ved at dei bruker ei veninne sin Vipps. Foreldre må opna både augene og øyrene, og spørja og snakka med borna, seier Lyssand.

Politioverbetjenten legg til at det primært er snakk om jenter, men at også gutar er involverte.

– Det er enkelt for gutar å utgje seg for å vera jenter. Det er berre til å oppretta ein falsk profil, slik at dei også «kan kjøpast». Som eg har sagt før, sosiale medium er på godt og vondt. Denne nye trenden seier noko om forholdet vi har til pengar. Det florerer pengar blant ungdomar. Det som skjer her, er enkelt og ikkje minst skummelt.

Dette er ikkje berre ei sak i Os, men også fleire andre stader i Vest politidistrikt. Det siste Lyssand har høyrt om frå Bergen, er at ungdom, eller unge jenter, let seg kjøpa for dyre jakker.

– Kor omfattande er dette i Os?

– Dette er noko ein skulle ha vore forutan. Vi er også redde for at det skal eskalera, seier Lyssand.