Kontroll: Meiner kraftig regenerering på elbilar kan gjera at folk mistar kontrollen på glatte vintervegar.

Åtvarar mot å la elbilen bremsa sjølv på glattisen

Elbilar bremsar nesten på eiga hand fordi dei bruker bremseeffekten til å lada batteriet. Kraftig regenerering kan gjera at du sklir på glatte vegar.

– På glatte vegar er det lurt å skru ned bremseeffekten til eit minimum eller heilt av, seier kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i NAF i ei pressemelding.

Når ein slepp opp gasspedalen på ein elbil, vil bilen bremsa av seg sjølv og samtidig få litt påfyll av straum. Det kan føra til ein mistar kontrollen på glatt føre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når du kjem mot ein sving på glatt føre og slepper gassen og regenereringa på bilen byrjar å jobba, kan bremsinga føra til at du sklir ut av vegen i staden for å koma deg trygt gjennom svingen, seier Sødal.

Han tilrår også å vera lett på gassen då det er fort gjort å spinna på glatt underlag.

Det er likevel mogleg å justere regenereringa på dei fleste nye elbilar etter føre, slik at ein ikkje treng å ha den avslått gjennom heile vinteren, men kan justera det etter forholda.