Korona: N/A

Aukar testkapasiteten: — No må vi stå saman for å slå ned bølgje nummer tre.

Bjørnafjorden kommune opnar for testing tre dagar i veka i Eikelandsosen.

— Du skal ikkje lura på om du er sjuk. Er du i tvil, har symptom, kjenner på noko eller har vore ein plass, så skal du testa deg.

Det sa ordførar Trine Lindborg då ho i dag møtte pressa utanfor rådhuset på Osøyro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Teststasjonen i Eikelandsosen vert no open mandag, onsdag og fredag. Teststasjonen i Kolskogen held fram som no, og har god kapasitet. Litt venting i kø må påreknast.

— Det er inga skam å testa seg. Sjølv har eg gjort det tre gonger, seier Lindborg.

Naudsynt likevel

Ho ber folk stå saman og vera gode mot kvarandre i tida framover.

— Vi var nok mange som kjende at det var nok då regjeringa la fram sine tiltak søndag kveld. Dei siste dagane viser at det var naudsynt likevel. No må vi saman kjempe for å slå ned bølge nummer tre.