Oppmodar til testing: Barnehagen er stengt til over neste helg. Born og vaksne vert oppmoda om å testa seg i løpet av dagen.

Tilsett har fått påvist smitte - barnehage stengd

Ei kvinne i 30-åra, tilsett i Flåten Naturbarnehage, har fått påvist covid-19. Barnehagen er stengd.

Smittevegen er ukjend.

Det opplyser Bjørnafjorden kommune måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle born og tilsette i barnehagen er definerte som nærkontaktar og difor sett i karantene. Dette gjeld 35 born og 15 vaksne, opplyser kommunen.

Barnehagen er stengt til over neste helg. Born og vaksne vert oppmoda om å testa seg i løpet av dagen.

– Personar i same husstand er sett i såkalla ventekarantene fram til resultatet av testane ligg føre. Ved negativ test kan dei andre husstandsmedlemene gå ut av ventekarantenen, men nærkontaktane sjølve må vera i karantene til og med 8. mars, opplyser kommunen på sine heimesider.

Den positive prøva er sendt til sekvensering for å avklara om det er ein mutert variant av covid-19.

– Inntil dette er avklart opptrer vi som om det er ein mutert variant, fortel assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Føresette til barnhagebarna har i løpet av dagen blitt oppringt for rettleiing og informasjon frå helsepersonell i Bjørnafjorden kommune.