Sløkt: Brannvesenet fekk rast kontroll på brannen.

Båt stod i full fyr då brannvesenet kom til staden

Brannvesenet og politi kom raskt ti lstaden etter melding om brann i ein båt som stod på land på industrområdet i Hegglandsdalen.

– Båten stod i full fyr når me kom til staden, fortel brannsjef Eivind Hovden.

Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen og kunne starta ettersløkking.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ein 27 fot lang trebåt som brann, og brannsjefen fortel at båten truleg er totalskadd, men han kunn ikkje seia noko sikkert om tilstanden til båten då me prata med han tysdag.

– Det var fare for at brannen kunne spreia seg i terrenget, men me fekk stoppa det, seier Hovden.