Ulukke utanfor Solstrand: Båtulukka skal ha skjedd på sjøen ved Bjånes, eit stykke ut frå Solstrand.

Båten skal plutseleg ha svinga, og tre unge jenter blei kasta på sjøen

— Det har nok vore ganske traumatisk for dei som låg i vatnet, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Det var rett før klokka halv åtte onsdag kveld at det kom inn melding om ulukke på sjø. Store ressursar blei send til staden.

Politiet opplyser i ein e-post at seks unge jenter i alderen 16—17 år var involverte.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dei seks jentene var på veg mot Fusa då ulukka skjedde. Båten skal plutseleg ha svinga, slik at tre av dei blei kasta på sjøen, seier Lyssand.

— Hadde ikkje dei som var att i båten høve til å få dei opp igjen?

— Nei, dei hadde problem med båten. Dei dreiv også frå kvarandre. Heldigvis hadde dei redningsvestar på. Dette viser kor fort ei ulukke kan skje, og kor viktig det er å ha vest på, seier Lyssand.

Luftambulansen var på staden klokka 19.40. Det blei observert tre personar i vatnet. Brannvesenet plukka desse opp i båt like etter.

Alle jentene blei frakta til land og fekk tilsyn på legevakta. Politiet opplyser at det ikkje er meld at nokon blei skadd i ulukka.

— Dei hadde fått problem med styrekonsollen på båten, slik at båten plutseleg svinga. Dei køyrde i ein mindre skjergardsjeep.