Vekst i Fusa: Både Os og Fusa har auka folketalet i 3. kvartal. Fusa har ein folkevekst på 5, medan talet for Os er 65. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Befolkningsvekst både i Os og Fusa

SSB sin statsistikk for folketalsutviklinga i 3. kvartal er klar.

Både Os og Fusa har auka folketalet i 3. kvartal. Fusa har ein folkevekst på 5, medan talet for Os er 65.

Innbyggjartalet i Fusa ved utgangen av tredje kvartal var 3.866. Folketalet i Os har nådd 20.983.

Det vart fødd 5 nye fusingar og 70 nye osingar dette kvartalet.

Det flytta 64 personar til Fusa, og 318 personar til Os denne perioden. Høvesvis 53 og 285 flytta ut.