Nore Neset: Det er i dette området, kring idrettsplassen og skulane på Nore Neset, at politiet med jamne mellomrom får meldingar om grisekøyring.

Bekymra mor fryktar for tryggleiken til born på Nore Neset

— Kvinna melder om grisekøyring frå rundkøyringa i retning Nore Neset ungdomsskule. Dette er noko som vi har fått meldingar om før også, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Sommaren 2018 skreiv Os & Fusaposten om villmannskøyring i området kring idrettsplassen og skulane på Nore Neset. Då stod folk som bur i området fram i avisa og fortalde at dei var bekymra for tryggleiken til borna. Dei var også skuffa over innsatsen til politiet, som dei meiner kunne ha gjort meir. Problemet skal ha blitt mindre etter at det var fokus på det, men no har politiet fått nye meldingar som går på det same.

Les også
Villmannskøyring på Nore Neset

— Kvinna som vi har snakka med, har mellom anna filma ein bil som sladdar ut av rundkøyringa. Politiet har fått denne videoen, og prøver å finna ut kven dette er. Kvinna er bekymra for at det skal skje ulukker. Det er mykje born og unge i området frå morgon til kveld, med skule på dagtid og treningar på ettermiddag og kveldstid. Vi reiste ut på skulane for å driva førebyggjande arbeid i dag, seier Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Endeleg er det ro på Nore Neset

I skrivande stund er politiet på staden for å gjennomføra refleksaksjon og for å snakka med born på skulane.

— Vi ønskjer å visa oss, og snakka med borna. Patruljen var på staden kvart på ni, fortel Lyssand.