Ein meter frå kvarandre: Ståande passasjerar på kollektivtransport i Bergen og Vestland må halda minimum éin meters avstand.

Vestland innfører éin meters avstand mellom kollektivpassasjerar

Bergen kommune og Vestland fylkeskommune vil at kollektivpassasjerar skal ha minst éin meters avstand mellom kvarandre. Dei oppmodar til å unngå rushtida.

Førarane på buss skal ikkje ta med fleire passasjerar dersom dei må stå med mindre enn ein meter mellom kvarandre.

Bussen kan dermed køyra forbi haldeplassar. Det vil òg vere vektarar og personell på utvalde haldeplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedtaket gjeld for all kollektivtransport i Vestland fylke.

– Skyss/Kringom er i dialog med operatørselskapa om korleis ein i praksis skal handheve dei nye krava. Dette kan vere krevjande å få til i alle tilfelle, og vi ber difor alle reisande å vere flinke til å halde avstand til kvarandre og vurdere kva tid det er nok passasjerar om bord, heiter det i ei pressemelding.

Regjeringa har gitt følgjande råd som gjeld kollektivtrafikken:

Unngå offentleg transport om du kan

Unngå alle fritidsreiser

Dersom du likevel må reise, følg desse råda:

Reis utanom rushtida, gå, sykla eller ha heimekontor

Ikkje gå om bord utan at du ser at det er plass

Artikkelen held fram under annonsen.

Benytt bakre inngang på bussar

Hald 1 meter avstand, også til føraren

Unngå kontant betaling

Følg rettleiing frå personell