Vil øydeleggja: Bergen har eit mål om nullvekst i biltrafikken. Vegprosjektet Hordfast vil øydeleggja for dette, meiner fleirtalet i Bergen bystyre. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Bergen seier nei til Hordfast

Fleirtalet i Bergen bystyre meiner Hordfast-prosjektet kan øydeleggja for målet om nullvekst i biltrafikken i byen.

Byrådspartia måtte gå til SV, som kravde å få inn formuleringar som talte mot prosjektet, for å sikra fleirtal for høyringsutsegna til Nasjonal transportplan, skriv Bergensavisen.

Les også
Nøling på hoppkanten

Fleire kommunar i Vestland fylke har prioritert vegprosjektet, men fleirtalet i Bergen bystyre meiner at ei bru over Bjørnafjorden vil auka trafikken og øydeleggja for byen sitt mål om nullvekst i biltrafikk.

– Trafikkauken som Hordfast legg opp til, på 10.000 bilar i døgnet, er ekstremt uheldig for Bergen. Det er neppe slik at bilane snur på Os, seier Jarle Brattespe i SV til BA.