Oppmoding: - Eg oppmodar alle bjørnafjordingar på det sterkaste til å halda fram med å vera flinke til å halda avstand og testa seg ved symptom, seier ordførar Trine Lindborg. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Bergen strammar inn - Bjørnafjorden innfører ikkje tiltak no

– Akkurat no er det ikkje behov for å innføre ekstra tiltak i Bjørnafjorden kommune. Men dette kan fort snu.

Det seier ordførar Trine Lindborg.

Bergen kommune innfører lokale tiltak etter smitteauke den siste tida, spesielt blant ungdom.

Bjørnafjorden kommune innfører ikkje ekstra tiltak på bakgrunn av dette, men følgjer situasjonen tett, vert det opplyst på heimesida til kommunen.

– Akkurat no er det ikkje behov for å innføra ekstra tiltak i Bjørnafjorden kommune. Men dette kan fort snu. Difor oppmodar eg alle bjørnafjordingar på det sterkaste til å halda fram med å vera flinke til å halda avstand og testa seg ved symptom. Ungdom må vera flinke til å bruka munnbind og halda avstand så godt det let seg gjera på skulebussane. Vi må alle saman gjera det vi kan for å halda smittesituasjonen under kontroll i kommunen vår, seier ordførar Trine Lindborg.