Big Bite har fått på plass naudsynte løyve.
Big Bite har fått på plass naudsynte løyve. Foto: Presse

Big Bite har fått løyve - opnar i morgon

Big Bite skulle ha opna i dag, men måtte utsetja grunna manglande løyve. No er dette på plass.

- Big Bite har gleda av å invitera alle osingar og alle rundt Os til ein storslått opningsfest i morgon, fredag, seier marknadssjef Sebastian Johansen i ei pressmelding.

Dei siste 12 timane har Big Bite og Amfi Os jobba saman med Os kommune for å få serveringsløyve på plass.

- Alle parter har vore innstilte på å få dette i hamn så raskt som mogleg. Big Bite Os har no fått det nødvendige løyvet frå kommunen og vil allerei torsdag ettermiddag ha preopning, fortel Johansen.