Politi: Tysdag var det ei ulukke på Moberg.

Bil har krasja i lyktestolpe på Moberg

Politiet melder om ulukke tysdag føremiddag.

Det skal ikkje vera snakk om alvorlege skader. Naudetatane er på veg til staden.

Erik Walden i Os brann og redning opplyser like etter kl 12.30 at dei akkurat er komen til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal vera snakk om ei eldre kvinne som var åleine i bilen.

Ein tipsar fortel at det har vore litt kø i området, men at trafikken no går greit forbi ulukkesstaden.