Ulukke: Politiet opplyser om ei bilulukke laurdag kveld. Foto: Benjamin Søgnen Olsen Foto: Arkiv

Bil skal ha køyrd av vegen og inn i fjellveggen

Politiet er på veg til staden.

Politiet opplyser på Twitter om ei ulukke laurdag kveld. Ein bil skal rett før klokka halv ni ha køyrd av vegen og inn i fjellveggen.

Ulukka skal ha skjedd i området Hagavik. Ein person og ein hund skal ha vore i bilen då ulukka fann stad, og føraren skal ha smerte i kne, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet er på veg til staden i skrivande stund.