Trafikkulukke i Hegglandsdalen: Årsaka til ulukka er ikkje kjend, men det skal ha vore svært glatt i Hegglandsdalen i morgontimane torsdag.

Turistar var på veg til Preikestolen – kom ikkje lengre enn til Hegglandsdalen

Fire personar var involverte i ulukka.

Det var klokka ti på seks torsdag morgon at politiet melde på Twitter om ulukka, som fann stad i Hegglandsdalen.

Det var ein bil involvert. På Rød i Hegglandsdalen, skal bilen skal ha køyrd ut i ein sving, inn i autovernet, og så i ein lyktestolpe. Det skal ikkje vera snakk om alvorlege personskadar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet melde først at det var tre personar involvert. Seinare retta dei det til fire.

– Det var svært glatt på staden. Turistane opplyser at dei mista kontroll over bilen. Det er ikkje kjend kor fort dei køyrde. Bergingsbil henta bilen. To av turistane blei med politiet, og dei to andre venta på bergingsbilen, som frakta dei og bilen til Bergen, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Det er blitt meldt om utfordrande forhold i trafikken fleire stader torsdag morgon.