Gåssandvegen: Ulukka skal ha skjedd på Gåssandvegen. Ein bil skal ha køyrd utfor vegen og hamna i ei elv.

Bil køyrde utfor og hamna i elv

Politiet fekk natt til måndag melding om ei utforkøyring på Søfteland.

Ulukka skal ha skjedd på Gåssandvegen. Ein bil skal ha køyrd utfor vegen og hamna i ei elv. Det skal vera lite vassføring i elva. Bilførar var åleine i bilen

Politi og ambulanse kom til staden. Bilføraren, ein mann i 20-åra, vart frakta til legevakta for sjekk. Det er ingen mistanke om påverknad av alkohol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elva ligg like ved vegen på ulukkesstaden. Det er ingen skråning.

Årsaka til ulukka er ikkje kjend.