På veg: Ein bil skal ha hamna på taket og vart liggjande i vegbanen. Naudetatar var på veg til staden kring 23.30 fredag kveld.

Bil på taket på Fv 549

Melder om redusert framkommelegheit etter ulukke fredag kveld.

Vegtrafikksentralen vest melder om ulukke på Fv549 ved Sveneset mellom Mjåneset og Sævareid.

Ein bil skal ha hamna på taket og vart liggjande i vegbanen. Naudetatar var på veg til staden kring kl 23.30 fredag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje vaktkommandør ved 110-sentralen skal føraren ha kome seg ut av bilen på eiga hand og varsla om ulukka.

Det skriv BT.

Oppdatert: Bilbergar vart rekvirert og kom til staden ca 01.30. Ikkje lenge etter var vegen open for fri ferdsel att.