Glatt: Vegtrafikksentralen melder om redusert framkomelegheit på staden. Det skal òg vera svært glatt, så folk vert oppmoda om å køyra forsiktig. Her er ambulansen på retur.

Bil køyrte i fjellveggen i nærleiken av Strønebrua

– Svært glatte vegar. Køyr forsiktig, er oppmodinga frå politiet.

Ifølgje Vest politidistrikt skal ein bil ha køyrt i fjellvegen langs Strønevegen klokka 16.10.

Ut frå meldinga på Twitter skal det berre ha vore éin person involvert i trafikkuhellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Personen framstår uskadd. Naudetatane på veg til staden, går det fram av meldinga.

Vegtrafikksentralen skriv at det er redusert framkomelegheit på FV 5154 etter uhellet.

Også i Mauranger i Kvinnherad skal ein bil ha hamna utanfor vegen, og politiet skriv at det er svært glatte vegar fleire stader i fylket.

– Køyr forsiktig!, er oppmodinga frå Vest politidistrikt.

Trafikkuhell: Vest politidistrikt meldte om trafikkuhellet på Strønevegen klokka 16.10.