Uhell: Politiet melder om eit mindre trafikkuhell i Os sentrum laurdag kveld.

Bil sklei i sving og trefte konteinar

Politiet melder om eit mindre trafikkuhell i Os sentrum laurdag.

Ein bil skal i 22.30-tida laurdag kveld ha sklidd i ein sving i Os sentrum, og treft ein konteinar. Føraren, ein mann i 30-åra, skal ha kome uskadd frå samanstøyten. Det skal ha vore mindre skadar på køyretøyet.

— Det er usikkert om konteinaren blei skadd. Politiet forsøkte å varsla konteinareigar utan hell, opplyser vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdom på tynn is

Fredag ettermiddag rykte politiet ut til Banktjørna etter melding om fleire personar på isen.

Då politiet kom fram til staden, fann dei tre ungdomar der.

— Dei hadde sjølv målt at isen var for tynn, og gått på land då vi kom til Banktjørna. På staden er det merka med skilt at isen ikkje er trygg, fortel vakthavande politibetjent.