Den stolne bilen vart stoppa på Søfteland i natt. Bilen på biletet har ingenting med saka å gjera.
Den stolne bilen vart stoppa på Søfteland i natt. Bilen på biletet har ingenting med saka å gjera. Foto: Illustrasjon

Bil stolen med nøklane i

Bilen vart stolen i Bergen og funnen att på Søfteland.

Fire minutt etter midnatt fekk politiet melding om ein stolen bil på Bergens-sida av Osvegen. Bt.no skriv at bilen vart stolen med nøklane i då eigaren forlet bilen.

Vitneobservasjonar sette politiet raskt på sporet, og bil og biltjuv vart tekne kontroll på på Søfteland.

Bilen vart deretter levert tilbake til eigar utan synlege skader.

Lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal fortel at gjerningspersonens utåndingsprøve viste ein promille på 1,9.

Han sit i arresten i Bergen og vil bli avhøyrt i løpet av dagen. Saka vert etterforska vidare av Bergen Sør.

anne-marie@osogfusa.no