I 17-tida: Det var i 17-tida i går at politiet stoppa bilen til mannen i 30-åra.

Bilførar mistenkt for køyring i rusa tilstand

Ein mannleg bilførar i 30-åra vart onsdag stansa mistenkt for å køyra i rusa tilstand.

Det var i 17-tida i går at politiet stoppa bilen til mannen i 30-åra. Politiet mistenkte personen for å køyra i rusa tilstand og tok han med til legevakta for å ta blodprøve av mannen. Mannen fekk førarkortet beslaglagt på staden. Han erkjente ikkje straffeskuld, og samtykka ikkje i beslaget av førarkortet.

Sju førelegg i Lepsøykrysset

I 21.30 tida i går kveld hadde politiet laserkontroll ved Spar Nore Neset- butikken på Ulvenflaten. I 50 km/t-sonen her tok dei éin fartssyndar. Bilisten vart målt til 64 km/t og fekk eit forenkla førelegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein halvtime seinare same kveld hadde UP åtferdskontroll ved stoppskiltet i Lepsøyvegen/Halhjemsvegen. Her tok dei sju bilistar i ikkje å stansa ved stoppskiltet før dei køyrde ut på vegen. Alle sju fekk forenkla førelegg på staden.