Køyrde vidare: Bilføraren fekk beskjed om å køyra forsiktig vidare. (Arkivfoto) Foto: Arkiv

Bilførar protesterte på melding om ufin køyring

Bilisten kjende seg ikkje att i forklaringa politiet hadde fått.

Torsdag kveld litt før klokka halv ti fekk politiet melding om ufin kjøring på Byvegen.

Patruljen stoppa bilen for kontroll.

Føraren kjende seg ikke igjen i køyringa politiet hadde fått melding om og blåste til 0,0.

Det var heller ingen mistanke om rus.

Fører vart beden om å køyra forsiktig vidare etter forholda.