Godt skjenkt: Det viste seg at mannen som politiet stoppa på Fusa torsdag, hadde 2,2 i promille.

Bilist tatt med 2,2 i promille på veg heim frå jobb

– Det er skummelt kva ein risikerer å møta på ute på vegen, seier politibetjent Anders Opsal.

Tidlegare denne veka tok politiet ein mann for promillekøyring i Eikelandsosen. Det var etter tips frå publikum. To dagar seinare, var det eit nytt tilfelle av promillekøyring, også i dette tilfellet, var det publikum som tipsa politiet.

– Torsdag ettermiddag var det nokon som observerte mannen køyra bil. Dei meinte at han ikkje hadde førarkort, noko som er heilt rett. Mannen var på veg heim frå jobb. Han blei testa for promillekøyring, og det viste seg at han hadde heile 2,2 i promille, seier Opsal og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når ein er ute på vegen, veit ein aldri kva som kjem mot deg. Difor er det viktig å alltid vera vakne, og å sikra sine medpassasjerar.

– To tilfelle av promillekøyring på kort tid. Vil du seia at dette er eit stort problem i gamle Fusa kommune?

– Vi har jamleg saker, men eg vil ikkje seia at det er eit omfattande problem. Eg har jobba lenge i politiet her, og om ein ser 20 år tilbake i tid, så var det eit mykje større problem. Folk er flinke til å melda frå. Vi får mange meldingar frå publikum om såkalla vinglekøyring. Det er ikkje alt vi har kapasitet til å rykka ut på. Ofte viser det seg at sjåføren er edru. Kan henda då, at dei har brukt mobiltelefonen, noko som heller ikkje er bra, og at det er årsaka til at køyringa var vinglete, seier Opsal.

Bilisten er meldt for køyring utan gyldig førarkort og for promillekøyring. Han hadde ikkje forsikring på bilen, så skilta blei også fjerna.